sep 26

Kamper flyttet

G11 kampen Tirsdag er fremskyndet til 1800. G12 kampen Onsdag er flytta til Fredag.

Dette er siste heimekampane til desse laga, og etter dette er det berre ein heimekamp for J15 igjen før vinteren.

Permalenke til denne artikkelen: http://www.trehesten.com/2016/09/26/kamper-flyttet/

sep 21

Ny asfalt til Myrane

img_20160921_114528684_hdr

Det legges i dag asfalt frå krysset Sollida/Løndalen og heilt fram til Myrane. Dette har vore eit ønske i mange år å få skikkelig veg heilt frem til fotballbana. Det er berre å takke Volda Kommune for denne løyvinga.

Permalenke til denne artikkelen: http://www.trehesten.com/2016/09/21/ny-asfalt-til-myrane/

sep 20

3 J15 Heimekampar på 5 dagar

IMG_20160604_165119224

Jentelaget skal ha heile 3 heimekamper denne veka. Onsdag, Fredag og Søndag. Møt opp og hei på dei.

 

Permalenke til denne artikkelen: http://www.trehesten.com/2016/09/20/3-j15-heimekampar-pa-5-dagar/

sep 08

10 Turmål, Kornbergsveten

Folkestad IL har stafettpinnen denne helga, og turen går til Kornbergsveten. Kalt Veten på folkemunne.

img_6624-pano

Oppstart 1130 frå skogsvegen på ytre. (Nokre hundre meter etter kufellen på fjellveien. Går opp til høgre. Er ikkje fleire vegar, så enkelt å finne)

 

Fjellet Løndalsviten (også kalla Kornbergsviten), 577 m.o.h, ligg som ei halvøy mellom Dalsfjorden og Voldsfjorden. Her var det frå gamalt av ein vite eller ein vardeplass, som var ein del av det tusenårgamle varslingssystemet i Norge i samband med ufred og krig.

Her stod ei vakthytte på 1800-talet, der alle spor var utsletta no i vår tid, men i 1997 vart ein eksakt kopi av denne hytta reist på Løndalsviten, om lag på same plassen. Den gamle hytta var 3.5 meter lang og 2.75 meter brei.

På toppen er det svært god utsikt i alle himmelretningar, ein ser heilt ut i havet, og ein ser faktisk både Volda sentrum og deler av Ørsta sentrum samstundes. Ein kan gå anten frå Folkestadsætra eller frå sætrevegen, frå Sollida eller frå Løndalen, om lag ein times tur i normalt tempo, og litt lenger tid frå sætra.

Veten Storerunda 2014

Veten Storerunda 2014

Permalenke til denne artikkelen: http://www.trehesten.com/2016/09/08/10-turmal-kornbergsveten/

Eldre innlegg «