jun 17

J15: Folkestad – Emblem

IMG_20160604_165119224

Torsdag kveld fekk J15 laget frå Folkestad besøk av Emblem.
Folkestad starta godt og fekk ei tidleg 1-0 leiing ved Ingrid Helland.
Kampen jamna seg ut og begge lag spelte bra fotball.
Mange sjansar til begge lag, men det var Folkestad som kunne auke leiinga si til 2-0 ved Tuva Meek Lillenes som snurra rundt med Emblem-forsvaret.
Like etter reduserte Emblem, så pauseresultatet vart 2-1 til heimelaget.

2. omgang starta like bra som første, og Stephanie Senkwe kunne sette inn 3-1 på pasning frå Tuva.
Folkestad fortsette å kjøre på med mykje flott spel.  Pasningsspelet sat godt og laget skapte mykje.
4-1 kom etter ein corner der Ingrid Helland stod på første stolpe, fekk knalltreff på volley og rett i nota.
Folkestad skårte eit mål til ved Ingrid, før Emblem reduserte til 5-2.
Emblem prøvde seg med bra avslutningar men ein god Folkestadkeeper, Andrea Helset, stoppa forsøka ganske so elegant.

Dagens dommar var tidlegare Folkestadspelar Magne Jonny Krumsvik som dømde godt, og med ei glimt i auget, gjennom heile kampen.

Flott avslutning for jentelaget før sommarferien!

Del dette...Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter

Permalenke til denne artikkelen: http://www.trehesten.com/2016/06/17/j15-folkestad-emblem/

Legg igjen en kommentar