jun 18

G16: Hasundgot – Folkestad

20160617_2003341

Fredag kveld kl 18.30 var det klart for toppoppgjer på Hasundgot stadion.

Kampen starta med fleire gode sjanser til Folkestad og Sondre Meek Lillenes sette inn 1-0 leiing for Folkestad på eit knallhardt skot frå 11-12 meter.

Folkestad mista litt grepet på kampen og  Hasundgot jobba seg godt inn. Dei skåra 3 mål på rappen og Folkestad fekk ei stor oppgåve med å ta att dette.

Litt justering av spelet, og Folkestad kom seg høgare I bana. Sjansene kom, og Simen Dale bø Kristensen reduserte til 2-3 på eit flott skot frå høgresida.

I pausa bestemte Laget seg for å gå på bana I 2. og hente fram godspelet.

Det kom raskt og Folkestad var klart best. Hasundgot kom på etterskot fleire gonger og måtte ty til ulovlige måter å stoppe folkestad på.

Joakim Flote skåra først på eit frispark frå 13-14 meter. Deretter skåra han på eit kanonfrispark frå rundt 20 meter og ballen fauk rett I krysset.

Folkestad hadde trykket og hadde blant anna ei avslutning I tverrliggeren og ned på streken.

Men I fotball skjer det raskt og Hasundgot kontra inn utlikning.

Lars Olav Bjørkedal sette inn ny leiing for Folkestad like etter på eit flott skot.

Hasundgot krig inn ny utlikning og sjølv om det var fleire sjanser mot slutten, klarte ingen av laga å skåre fleire mål.

Nok en god kamp av heile Folkestad-laget.  Dagens bestemann var Jørgen Følsvik Hansen.

Dette var forøvrig siste kampen for G16. Til hausten vil vi nok sjå mange av desse namna spele for andre klubbar.

Del dette...Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter

Permalenke til denne artikkelen: http://www.trehesten.com/2016/06/18/g16-hasundgot-folkestad/

Legg igjen en kommentar