10 Turmål, Kornbergsveten

Folkestad IL har stafettpinnen denne helga, og turen går til Kornbergsveten. Kalt Veten på folkemunne.

img_6624-pano

Oppstart 1130 frå skogsvegen på ytre. (Nokre hundre meter etter kufellen på fjellveien. Går opp til høgre. Er ikkje fleire vegar, så enkelt å finne)

 

Fjellet Løndalsviten (også kalla Kornbergsviten), 577 m.o.h, ligg som ei halvøy mellom Dalsfjorden og Voldsfjorden. Her var det frå gamalt av ein vite eller ein vardeplass, som var ein del av det tusenårgamle varslingssystemet i Norge i samband med ufred og krig.

Her stod ei vakthytte på 1800-talet, der alle spor var utsletta no i vår tid, men i 1997 vart ein eksakt kopi av denne hytta reist på Løndalsviten, om lag på same plassen. Den gamle hytta var 3.5 meter lang og 2.75 meter brei.

På toppen er det svært god utsikt i alle himmelretningar, ein ser heilt ut i havet, og ein ser faktisk både Volda sentrum og deler av Ørsta sentrum samstundes. Ein kan gå anten frå Folkestadsætra eller frå sætrevegen, frå Sollida eller frå Løndalen, om lag ein times tur i normalt tempo, og litt lenger tid frå sætra.

Veten Storerunda 2014

Veten Storerunda 2014

Ingen kommentar ennå

Skriv en kommentar >

Skriv en kommentar

Tilbake til toppen ^

 
 

Dra venstre/høyre for forrige/neste innlegg