Årets første siger til Folkestad J16


Tysdag kveld var det klart for lokaloppgjer mellom Folkestad J16 og Hovdebygda/Mork.

Desse to laga har spela mot kvarandre fleire sesongar og det har ofte vore jamne og tette oppgjer.
Og slik skulle det vise seg å verte denne gongen også.

Kampen starta roleg der begge laga prøvde å etablere spel og ta kontroll på kampen.
Etterkvart klarte Folkestad sine jenter å få overtaket og kom til fleire halvsjansar utan å lykkast heilt.
Anja jobba godt i si nye rolle som spiss og laga trøbbel for forsvaret til HIL/MIL ved fleire høve.
Det var difor svært fortjent at Tuva sende Folkestad målet foran etter 15 minutt.
Me fekk sjå flott Folkestad-spel der mostandarane vart fullstendig utspelt, og forsvaret var ope som ei låvedør då Tuva trilla inn leiarmålet.
Folkestad heldt brukbart trykk gjennom omgongen og hadde fleire farlege avslutningar.
Hovdebygda/Mork fekk lite til mot hardtjobbande og motiverte Folkestadjenter.
I omgongen sitt siste minutt sette Ingrid inn 2-0 etter at Folkestad fekk eit innkast frå sidelinja.
Ingrid fann rommet bak forsvararen og sette ballen fint mellom keeper og stolpen.
Folkestad var det beste laget denne omgongen og leia fortjent til pause.

 

Andre omgong starta friskt frå Hovdebygda/Mork.
Dei fekk eit par sjansar, men Anja som no var tilbake i sin vande posisjon som keeper, ordna opp i det som kom.
Folkestad prøvde å få til same spelet som i første omgongen, men HIL/MIL stod litt høgare i bana og vann ofte tilbake ballen.
Ein kan vel seie at det var fortjent då gjestane reduserte til 1-2, men dei var noko heldig pga ein skade på ein Folkestadspelar som vart avgjerande i denne situasjonen.  Dei fekk difor angripe i overtal, og reduseringa kom på ei skot frå 10 meter.
Folkestad kjempa seg innatt i kampen og kom til eit par gode sjansar.  Folkestad var nære ved å auke leiinga då Gracia sette eit skot like utanfor stolpen.
Hovdebygda/Mork sette inn ein sluttspurt, og var nære på ved fleire anledningar.  Det næraste dei kom var eit stolpeskot etter ca. 75 minutt, og Anja i
Folkestad-målet tok seg av resten.

Alt i alt ein fortjent Folkestadsiger, i ein jamn og fin kamp.
Gratulerer med årets første seier, jenter!

Jentene fortjente vaffelhjarte etter kveldens siger

 

To glade målskårarar, Tuva og Ingrid

 

 

Del dette...Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter

Permalenke til denne artikkelen: http://www.trehesten.com/2017/06/07/arets-forste-siger-til-folkestad-j16/

Legg igjen en kommentar