Nok ei økning i vassavgifta

Då er årets årsavgift for vatn komt i postkassene til Folkestadbygdingane.

Årets avgift er på 3000.- for bustad. Dette er ei økning på 15% frå fjoråret. Også då økte den.

Om ein tek utgangspunkt i Volda Kommune sine satsar, så vil ein bolig med 150m2 (dei fleste leiligheter er 80-100m2)  BRA få ei vassavgift på følgande:

Gebyr 1317,50

Forbruk 10,75 pr/m3. stipulert forbruk på 150m2 vil gi kostnad på 1451,25.

 

Dette gir ei årsavgift på 2768,75. Så må det leggast til mva. Avgifta vert då 3460.-. 

Dette gjer vatnet på Folkestad snart vert dyrare enn Volda kommune sine egen satser. Det er allerede neste år venta eit nytt påslag, og då er nok differansen utjamna. 

Når det tidligare har vore argumentert for at vi må behalde eit privat vassverk på Folkestad, med argument i at det er billigere for abbonentane, så er det nok berre eit tidsspørsmål før satsane er høgare enn kommunens satsar. Og det vil fortsatt vere samme vatnet vi har i springen.

 

Kanskje det snart må revurderast om vassverket fortsatt skal være lokalt.

 

Permalenke til denne artikkelen: https://www.trehesten.com/2017/06/17/kommunens-dyraste-vatn/

Legg igjen en kommentar