Siste Hansa

No har eg retteleg bestemt meg,
når eg verte ni og nitti år.
Då tutlar eg i veg med rullatoren
og rett inn på børsen går.

So finn eg det rette bordet,
og sete meg ned i ro.
So bestille eg børsen sin lapsskaus
for den e’ so hentande god.

Når lapsskausen so eg har ete,
og tallerkenen den e’ tom.
Eg bestille ein halvliter «hansa»
som skummar so friskt og grom.

Eg drikk den i heilag andakt,
( halvparten i eit drag.)
So hikkar eg litt og smiler,
og helsar min siste dag.

So drikk eg den siste supen,
og då skal «lyset» gå.
So ber dei meg ut frå børsen,
rullatoren den skal få stå.

Gustav Rasmussen 8/9-2006

Permalenke til denne artikkelen: https://www.trehesten.com/2018/01/21/siste-hansa/

Legg igjen en kommentar