Lokalnavn på Folkestad

TitleCategoryDescription
Avdalseggja Fjellområdet bak Lissjedalen
Belanje Beite ti Jo-garden (opp om og ned om Flotevegen)
Bjellerysthaugen Høgste punktet i Dalen (her vart siste bjørnen i bygda funnen daud)
Bjønnastien
Bjørketun Gardstun

Frådelt frå Olagarden i 1975. Petra Sollid bygdehus 1975.

Bogen Info
Brendslene No eng, men før lyngmark
Brisingplassen Her brende "Folkestadanje" bål på pins/jonsok og olsokafta
Bøen
Coop Marked
Dalsbakkjen
Dike Eng
Dikehammaren Bergnabb
Egginje Egga frå Flotehamrane og til Lissjedalen
Engejordet Gardstun

Frådelt frå Olagarden i 1979. Mette (Brænne) Engejordet og Per Jørgen Engejordet bygde hus i 1980

Farstølfjellet
Flotehola Område ned om Bjønnastien
Folkestad Barnehage
Folkestad Eldrebustad
Folkestad gravplass. (Husebakkjen) Frå gammalt vart denne plassen kalla for Husebakkjen
Folkestad Skule
Fonnjabakkane Namnet kjem frå den gongen det losna ei vassfonn oppe i bygda og reiste nedover bakkane her.
Fonnjene, den nye og den gamle
Fredheim Gardstun
Fremste Kloven Greitt å gå både opp og ned
Fremste Vadinje Plass og jage dyra over elva
Geilane Gardstun Arthur Brenne bygde først driftsbygning for gris, men i 1965 vart dette omgjort til hønsehus, med plass til 3600 høner. Seinare vart dette utvida til 5000. Hønsehuset vart lagt ned i 2006, men huset står att, og er renovert og holdt vedlike.
Geitabakkanje Område opp mo Innaforsetra
Gjeilanje Beite til Bøen
Gjerdet Eng
Gosse-steinane Gosse-steinane er to store steinar i den gamle råsa til Dalen
Gravrøys 55339-1 Info Røysa er om lag 4 m i tverrmål og heilt låg. Røysa er dekt med tjukk lyngtorv, men ein kan likevel kjenne einskilde steinar under torva. På røysa veks nokre einer, lauvtre og lauvkjerr. Røysa er uklårt markert og knapt synleg i lendet.Røysa er ikkje heilt utan tvil. Datering: Bronsealder - jernalder
Grønhaugen
Grønhauhalsen Overgangen mellom Grønhaugen og Blåfjellet
Grønhauinj Bjøkrekledd ås
Grønhaukamben Åskammen på Grønhaugen
Grønskridå Her kan ein gå opp til Tinden og Lissjedalen
Gullmorhammaren
Gutatuå Utsiktspunkt
Hauen Eng
Heimste kloven Skar mot Setrehornet
Heimste Vadinje Plass det ein kan jage dyra over elva
Hestehauen
Holmerhaugen
Ingridgjerde Fjøsteigen til Reinane
Instenakken Gardstun

No står det berre att løa, men den er ombygd til garasje. Hovedhuset vart rive i 2016.

Ivasdalen Bratt eng, vidare skog mot sjøen.
Jo garden Gardstun
Jolegrøde Skrede fremst i Dalen
Jolegrøhola Ei lita flate heilt oppunder fjellet
Kalvegjerdet Her var det tillaga eit gjerde med steingard til beite for kalvane på Nedste-Flotane
Kjiedalen

Kjiedalen

Klokkarvollen Her skulle ein klokkar ein gong ramla på isen og brote foten
Kongsholen Gardstun
Koppanje Ein "kopp" bak Grønhaugen ( det var i dette området Koppelurven budde)
Krabbinj Stor stein under vassflata i setrevatnet
Kvile Før den nye setrevegen kom, var det her tillaga eit kvile der dei som bar melka heim frå setra kunne kvile
Lambegjerdet Gardstun
Lisjedalen Dalføre mellom Storetuå og Setrehonnjet
Lisjedalselva
Ljosåvatnet På kartet er det merka med Ljøshaugvatnet. Eg har aldri høyrt den nemninga (OlavF)
Longeneset
Longerabben
Løkjen Myrområde
Mannjastien Greitt å gå opp her
Maravollen
Mortegjerde Nedsteflotemannen var lens for mat, og selde eit jordstykke her til mannen i Jogarden for ei bøtte mort
Myra Gardstun

frådelt i 1939

Myrane Info

Fotballbanen til Folkestad IL. Halve banen er grus, øvrig er kunstgras. Klubbhus med kiosk og garderober.

Nikolaiholen Gardstun

Eit av dei gamlaste gardane . Busetnad tilbake til tidlig 1600 talet. Også kalla Midti-Holen

Nilsholen Gardstun

Også kalla Holbøen. Frådelt frå Nikolaiholen 1845.

Nobba
Nova Punkt ved foten av Setrehonnje, der dalen svingar mot sør
Nylende
Nyseterdekkje No eng,- før myraktig og vått område. Var også spadd torv til brendsel her.
Ramnesteinen Også kalla Ramlesteinen. Stor stein på mange kubikkmeter.
Raudebrauta
Rompinje Sivområde i vassenden
Rondehauen
Røysa Gardstun

frådelt frå Myra i 1970. Martin Brænne bygde hus i 1971.

Røysåkeren
Sandåhonnjet Fjellet mellom Sandånå og Mannjastien
Sandånå Sti opp til Straumsdalen
Sjøveien Snarveg ned til sjøen
Skomakerhuset Gardstun
Skridene Grasgrodd område opp om skogen under Blåfjellet
Skylfossen Foss i eit skar i Storelva
Soltun Gardstun

Frådelt frå Olagarden1970. Eivind og Norunn Folkestadås bygde hus i 1970.

Steinalder bosetning Info Området registrering ved to anledninger. Ved begge registreringene ble det påvist flintavslag i små mengder og innenfor et lite område, omkring 10 m diameter.
Steinteigen Gardstun

Opprinnelig bygsla frå Olagarden i 1909, men frådelt i 1956. Bustadhus opprinnelig bygd 1898.

Stillheim Gardstun
Storemyra Eng
Straums-skaret Skar mot Straume
Straumsdalen
Straumsvatna Før var her to vatn, men etter oppdemninga på 70/80-talet vart vatne samahengande
Svartehamrane Hamrelag mellom Klovane. (Hit opp hadde dei løypestreng ned på Bjøllerysthauen for å få ned veden)
Sves-skrednakkjen
Sves-skrehola Ikkje noka hole. men ei "fordjupning" i terrenget
Svihauhòla
Svihauinj
Tinden.
Torkedalane Her er to små paralelle "dalar" i terrenget som er kall Torkkedalane
Torvmyrane Her var dei gamle torvteigane der dei spadde orv til brendsel i fyrste halvdel av 1900-talet
Trettelva Trettelva har fått namnet etter ei "trette" mellom uttaføringane og innaføringane om kvar grensa mellom uttafor og innafor skulle gå
Tveråvadet No er her bru, men før var her eit vad over Tverelva
Tverberjet Berget mellog Mannjastien og Straumskaret
Tverhammaren Hamrelaget opp om Grønskreda
Vollen Eng
Vollen Gardstun

frådelt frå Fredheim 1971. Jon Inge Kongsvoll bygde hus i 1972

Ystenakken Gardstun

Eit av dei gamlaste bruka, skal være frå tidlig 1600 talet.

Add your own marker

Marker Title
Marker Address or GPS Location

Or click on the map and drag to add a marker

Marker Description
Image:
Marker Category
Please tick this box to prove you are human

Dersom du markører treng å rettast på, er feilplasserte, du har tilleggsinfo, bilde osv, så send inn endringsmelding til : post@trehesten.com

 

Permalenke til denne artikkelen: https://www.trehesten.com/lokalnavn-pa-folkestad/